Skodespelarutdanning for studentar med innvandringsbakgrunn
Publisert: 31.01.2012

Det Norske Teatret ønskjer å gi tilbod om skodespelarutdanning for studentar med ikkje-vestleg innvandringsbakgrunn.
Utdanninga blir treårig og vil leie til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet vil få tilbod om eit praksisår med løn på Det Norske Teatret. Studiet bilr gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Nord-Trøndelag, men undervisningsopplegget er primært på Det Norske Teatret.
Bakgrunn for studiet
Det har lenge vore ei felles oppfatning både innanfor og utanfor det norske teatermiljøet at det blir rekruttert altfor få skodespelarar frå innvandringsmiljøa. Det multinorske er eit unikt initiativ frå Det Norske Teatret som meiner at teatra må kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Det er derfor Det Norske Teatret vil setje i gang eit utdanningsprosjekt i regi av Det multinorske for skodespelarar med innvandringsbakgrunn.
Søknadsfrist: 19 mars 2012
Opptaksprøve: fra 23 april - 8 mai 2012
Studiestart: august 2012
Kontakt: detmultinorske@detnorsketeatret.no
Nettside