facebook

Ny struktur for design og handverksfaga

Så er strukturendringa for yrkesfag offentleggjort, og delinga av Vg1 design og handverk i to ulike programområde er eit faktum. Frå og med hausten 2020 skal elevane kunna velja mellom Vg1 Design og tradisjonshandverk og Vg1 Frisør, blomster- og interiørdesign.

I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet 5. mars 2018 offentleggjeres ny struktur for yrkesfaga. Dette er den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006. 

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner slår i Nyhetsmorgon, 5.3 .2018, fast at endringa vil bidra til at fleire fullfører, motivasjonen vil verta sterkare, det vert meir spesialisering, meir fordypning og fleire lærlingeplasser. Elevane skal gjerast meir attraktive for arbeidslivet. Alt dette høyrest vel og bra ut.

Gammaldags tankegang?

Rådgjevar Birgitte Boon-Grønset ved Kuben vidaregåande skule i Oslo har eit litt anna perspektiv på strukturendringa. I same radiosending seier ho at ho er overraska over at næringslivet etterspør ein meir spesialisert yrkesfaglig utdanning, då det ikkje er lenge sidan det same næringslivet kom med ønske om større breidd. Boon-Grønset er bekymra for at elevane vil gå glipp av ei heilskapsforståing for kva bransjen dei jobbane i inneber.  Ho meiner elevane mistar den faglege breidda og høva for å prøva ut ulike yrker innan utdanningsprogrammet og meiner tidleg spesialisering er ein litt gammaldags tankegang. Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, fryktar òg at noko av spesialiseringa er litt gammaldags og lite framtidsretta.

Tydelegare profil, tydelegare yrkesretting

Uansett om omgrepa gammaldags og lite framtidsretta vert brukt som generelle betraktninger på strukturendringane er det, jamfør FAFO-rapporten Rekruttering til design og håndverksfagene, eit faktum at søkartalet på det eksisterande Vg1 design og handverk nesten er halvert i løpet av dei siste 10 åra.  Inneverande skuleår, 2017/18, var det 1881 søkarar til programområdet, i følgje Udir sine tal. Rundt omkring i fylka er det eine etter det andre Vg1-tilbodet lagt ned. Forskarane Anna Hagen Tønder og Sol Skinnarland peikar i nemnde rapport på at årsaka til nedgangen i søkartal er samansett og kompleks, men eit hovudfunn er likevel at ein ullen og uklar profil kan vera noko av forklaringa.

Med strukturendringa står innhaldet og yrkesrettinga i dei to nye programområda klårare fram. Dette kan gjera det faglege innhaldet tydelegare for ungdom og føra til meir relevant opplæring og større motivasjon.

Samstundes er det viktig å ha med seg at det tilbodet som vert gjeve innan design og handverk pr. dag, ivaretar ei samansett elevgruppe med svært ulike behov og ofte med uklare ønske om framtidige yrkesval.  Desse elevane finn seg godt til rette i eit praktisk studietilbod som både fagleg og metodisk sett er romslig nok til å møta den enkelte sine behov. Denne samansette elevgruppa vert ikkje borte med strukturendringa. Utfordringa frå 2020 vert m.a. å sørgja for at dei to nye programområda vert gjort tilgjengeleg i alle fylke og såg nært heimstadane til 16-åringane som mogleg, og dessutan at ein i vidare arbeid med strukturen sørgjer for størst mogleg fleksibilitet gjennom Vg2-tilbod og kryssløp.

Breidde versus spesialisering og vegen vidare

Rådgjevar Birgitte Boon-Grønset uttrykkjer bekymring for at elevane skal mista noko av den faglege heilskapsforståinga ved at yrkesfagene spissast. I tidlegare nemnde Nyhetsmorgon seier ho m.a. at «eg ser jo òg verdien for ein frisør av å ha vore gjennom ein ideutviklingsprosess, som dei gjerne gjer på det første året innanfor design og handverk, der dei lærer å utvikla ei ide frå ein tanke til eit ferdig produkt. Dette her, eg tenkjer at òg frisørar har nytten av å ha eit sånt kreativt første år.  Òg for sjølve yrket dei skal inn i, så tenkjer eg at den breidda har ein verdi».

KKS tenkjar at Boon-Grønset har eit viktig poeng når ho snakkar om heilskap, breidd og kreativitet. I arbeidde med dei nye læreplanane vert det særs viktig å sørgja for at ideutvikling, kreativitet, heilskap og samanheng mellom dei ulike faga ivaretas, samstundes som elevane vert gjeve høve til fagleg fordjuping.  Oppbygginga av den nye strukturen må òg vera tilstrekkeleg fleksibel i tilhøve til Vg2- tilbod og høve for kryssløp. Dette vil vera viktige element i det vidare arbeidet for å gje framtidas elevar relevante yrkesfaglige tilbod, som òg er berekraftige.

Lenke til Nyhetsarkiv