facebook
Av Illustratedjc - Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=25450481
Av Illustratedjc - Eget verk, CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=25450481

WEB-SEMINAR FOR KDA LÆRARAR

Onsdag 22.mars, kl. 12.00 – 12.45 belyser og drøftar Thomas Kintel korleis samisk formkultur skil seg ut som eige formuttrykk i Norden. Temaet som blir drøfta tek utganspunkt i kompetansemål i design og arkitektur 1. Frå linja Kunst, desing og arkitektur.

Thomas Kintel

Thomas Kintel har bakgrunn som duodjar og smykkekunstnar. Han har skrive masteroppgåva «Hva står på spill i samisk kunstverden?» og har drive samisk kulturformidling mellom anna for Den kulturelle skulesekken i Hordaland. Han har og bidrege i utviklinga av nye læreplanar for duodje som fag i videregåande opplæring.

 Kintel har ei kritisk, men samtidig sympatisk tilnærming til samiske spørsmål. Han er oppteke av å redusera avstanden mellom informasjonsstraumen av samisk-relatert kunnskap i det offentlege, og forståinga av det samiske, og tilhøvet mellom det samiske og norske blant folk flest.

Seminaret vert avvikla i sanntid, noko som gjev deltakarane høve til å koma med innspill og stilla spørsmål til seminarhaldar eller kvarandre.

På grunn av den dialogbaserte forma vert antall avgrensa til 12 stk. Påmeldingsfrist 15.mars.
Seminaret er ope for alle interesserte. For meir informasjon og/eller påmelding: kunstkultur@nord.no.

Lenke til Nyhetsarkiv