facebook
Foto: Ole Morten Melgård.
Foto: Ole Morten Melgård.

ARTIKKEL OM "KUNSTNER I BARNEHAGE"

Morten Sæther har nyleg skrive ein forskingsartikkel om prosjektet «Kunstner i barnehage». Her kan du lese meir om prosjektet og eit samandrag av kva han trekkjer frem i sin artikkel. 

Prosjektet «Kunstner i barnehage» vart gjennomført hausten 2014. Det var eit samarbeid mellom utvalde barnehagar, kunstnarar, førstelektor Morten Sæther (DMMH) og Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen. Det var senteret som initierte prosjektet. Morten Sæther har publisert ein vitskapleg artikkel i første nummer av Jased (Journal for Reseach in Arts and Sports Education) basert på prosjektet. Vi presenterer her eit kort samandrag av artikkelen

Samandrag:

Sæther jobba ut frå følgjande problemstilling:
Korleis forstår musikar, barnehagelærar og forskar potensielle musikalske møter mellom musikar og toddlere?
Underspørsmål i analysen er: Kva karakteriserer desse musikalske møta? Når fører musikarens idear til deltaking blant borna?

Sæther trekker fram improvisasjon og skapande medverking som avgjerande for kvaliteten på musikalske møter mellom barn og musikar. Gjennom artikkelen legger han vekt på den relasjonelle estetikken, og koplar den til kva dei vaksne har lært av toddlerne i prosjektet. Sæther framhevar at musikaren har vært raus med å sette seg sjølv på spill. Musikaren har gjennom kroppsleggjering av kunstnariske kvaliteter gitt toddlerane mogelegheit til å uttrykke seg sjølv musikalsk. Refleksjon og musikalsk utforsking i et profesjonelt læringsfellesskap mellom musikar og barnehagelærar har bidradd til utvikling av innhaldet i dei musikalske møta i dette prosjektet, skriv Sæther.

 Du kan lese hele artikkelen her eller laste den ned som PDF.

Her finner du meir om prosjektet.

Lenke til Nyhetsarkiv